Skip to main content

Årdal Brygge:

Bu og lev i takt med årstidene, inst i vakre Årdalsfjorden.

Velkommen til informasjonsmøte onsdag 6. desember kl. 18.

Du finn oss i Årdalstunet 15! 

Årdal Brygge

Grip sjansen i naturskjønne Årdal

I prosjektet Årdal Brygge er det verkeleg gode moglegheiter for deg som vil bu og leve tett på fjord og naturopplevingar i ein ny, moderne og energieffektiv bustad. Naust, sjøboder og båtplassar kjem også – her ligg alt til rette for fiske, båtliv og bading.

 

Godt utval i bustader! Her er noko for alle. 

– Fem store tomter for frittliggande einebustader.

– Tre einebustader i rekke med fjordutsikt.

– Tre rekkehus, alle med moglegheit for fire soverom.

– Leilegheiter i firemannsbustad, alle med tre (!) soverom.

 

Det blir dessutan to parkeringsplassar til kvar bustad – her er det tenkt på alt. Meir om bustadtypane finn du lengre nede på denne nettsida.

Årdal Brygge kjem på den gamle handelslagstomta, i Sjøvegen nær utløpet av Melsåna. Her bur du nesten heilt i strandsona, med praktfulle turområder både til lands og vatn like ved. Denne delen av Årdal var det opprinnelege sentrum i bygda, heilt til Årdalstunet blei bygd for om lag 20 år sidan og overtok den rolla. I dag ruslar du til Årdalstunet på eit lite kvarter. Køyreturen til Tau tek om lag ein halvtime, og då blir det 50 minutter til Stavanger.

Sjønære tomtar med moglegheit for båtplass og bod

Dei fem einebustadomtene ligg som perler på ei snor, alle med nydeleg utsikt mot Årdalsfjorden. Storleiken blir frå cirka 800 m2 til 1 mål. Det er byggeklausul til Hjelmeland Bygg, som kan hjelpe deg med både arkitektteikna hus og kataloghus.

 

Merk at du som kjøper tomt vil få kr 50.000 i rabatt på enten naust, sjøbod eller båtplass.

Sjå prisar og meir info

Einebustader i rekke med flott arkitektur

Desse blir på cirka 130 m2 BRA fordelt på to etasjer og carport med sportsbod. Samtlege får entré, tre soverom og bad i 1. etasje. Stua er lagt til 2. etasje med store vindauge ut mot fjorden. Her oppe er det også planlagt TV-stue, eit ekstra bad og sørvendt balkong.

 

I første trinn av Årdal Brygge kjem det ei rekke med tre slike einebustader. Dei heng saman via carport med sørvendt takterrasse på heile 34 m2. Du som kjøper ein av desse bustadene vil få kr 50.000 i rabatt på enten naust, sjøbod eller båtplass.

Sjå prisar og planteikningar

Rekkehus – perfekte for familier

Årdal Brygge får tre rekkehus med sørvendt plassering og balkong med gode solforhold. Felles for desse bustadene er ei fleksibel løysing der du kan velge mellom fire soverom eller ei ekstra TV-stue. Alle tre blir cirka 110 m2 BRA fordelt på to etasjer, og får ei praktisk sportsbod på cirka 5 m2 like ved.

 

Du som kjøper eit rekkehus vil få kr 50.000 i rabatt på enten naust, sjøbod eller båtplass.

Sjå prisar og planteikningar

Naust, sjøboder og båtplassar

Du som kjøper ein leilegheit er sikra båtplass hvis du vil ha, sjølvsagt mot eit pristillegg. Ta også kontakt hvis du vil vite meir om moglegheiten for naust eller sjøbod, og for informasjon om pris og meir.

 

Les meir

Ønsker du informasjon om Årdal Brygge? Send oss en melding så tar vi kontakt.


    Dette skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA, og Googles personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.


    Vil du vite mer?

    Kontakt Lars Sigve Berge

    Fagansvarlig eiendomsmegler MNEF

    Telefon: 95 43 69 66 Epost: lars.berge@odelogeie.no