Årdal Brygge
Einebustader i rekke med fjordutsikt
3 soverom
Storleik frå 130 kvm
Pris frå 4.890.000,–
1 av 3 solgt!
Hjelmeland Bygg tilbyr no tre nye praktiske einebustader med flott utsikt mot Årdalsfjorden. Bustadane blir over to etasjar. Samtlege får entré, tre soverom og bad i 1. etasje. Stua er lagt til 2. etasje med store vindauge ut mot fjorden. Her oppe er det også planlagt TV-stue, eit ekstra bad og sørvendt balkong.
Dette er ein del av ei større utbygging. Her kjem også tomter for einebustader, rekkehus, leilegheiter, naust, sjøboder og båtplassar. Alle som kjøper i Årdal Brygge vil få kr. 50.000 i rabatt på enten naust, sjøbod eller båtplass.
Årdal Brygge finn du på den gamle handelslagstomta, i Sjøvegen nær utløpet av Melsåna. Her bur du nesten heilt i strandsona, med praktfulle turområder både til lands og vatn like ved. Denne delen av Årdal var det opprinnelege sentrum i bygda, heilt til Årdalstunet blei bygd for om lag 20 år sidan og overtok den rolla. I dag ruslar du til Årdalstunet på eit lite kvarter. Køyreturen til Tau tek om lag ein halvtime, og då blir det 50 minutter til Stavanger.
Vil du vite mer?
Kontakt Lars Sigve Berge
Fagansvarlig eiendomsmegler MNEF
Telefon: 95 43 69 66 Epost: lars.berge@odelogeie.no