Breidablikk 26
Tomt med fantastisk utsikt sentralt på Hjelmeland
Pris: 5 460 000,-
Tomteareal: 575 m²
4 soverom
Ny lettstelt einebustad med 4 soverom og utsikt til Hjelmelandsvågen!
No har du moglegheita til å byggje deg ein heilt ny einebustad, med fantastisk utsikt, midt i Hjelmeland sentrum. Her har du barneskule, ungdomsskule, barnehage, butikkar, ferjekai, helsehus og kommunehus i gåavstand frå bustaden, i tillegg til alt anna Hjemeland har å by på.
Breidablikk boligfelt ligg på Hjelmeland i Hjelmeland kommune. Hjelmeland kommune kan by på gode oppvekstvilkår, gode kommunale tenester og nydeleg friluftsliv sommar som vinter. Omgitt av fjell er Hjelmeland eit eldorado av turmoglegheiter året rundt. Medan lysløypa på Bjødnabu (15 min. køyretur frå einebustaden) lokkar ein kald vinterdag, lokkar korte og lange fjellturar vår, sommar og haust. Om sommaren byr fjorden på bading, fiske og båtliv i Ryfylkebassenget.
Hjelmeland sentrum ligg omtrent 1 times køyretur frå Stavanger og berre 40 min. frå Gullingen med enda fleire ski- og turmoglegheiter.
Vil du vite mer?
Kontakt Lars Sigve Berge
Fagansvarlig eiendomsmegler MNEF
Telefon: 95 43 69 66 Epost: lars.berge@odelogeie.no